Kraftsituasjonen veke 13, 2026
Høg vindkraftproduksjon og nettoimport til Noreg
Høg vindkraftproduksjon sør i Norden og på kontinentet gav kraftimport til sørlege Noreg og lågare kraftprisar enn veka før. Høgt kraftoverskot nord i Norden bidrog til at prisane i Midt- og Nord-Noreg held fram med å vere lågare enn dei sørlege prisområda. Samla sett hadde Noreg nettoimport for tredje veka på rad.
Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):
- Søraust-Noreg (NO1): 111 øre/kWh (-13 øre/kWh frå veke 12)
- Sørvest-Noreg (NO2): 108 øre/kWh (-15 øre/kWh frå veke 12)
- Midt-Noreg (NO3): 73 øre/kWh (+2 øre/kWh frå veke 12)
- Nord-Noreg (NO4): 16 øre/kWh (+11 øre/kWh frå veke 12)
- Vest-Noreg (NO5): 120 øre/kWh (-6 øre/kWh frå veke 12)
Høg vindkraftproduksjon på kontinentet gav kraftimport til sørlege Noreg
Høg vindkraftproduksjon sør i Norden og på kontinentet gav mange timar med kraftimport til sørlege Noreg. Dette bidrog til å trekke snittprisen over veka ned, og kraftprisen gjekk ned i alle dei sørlege prisområda samanlikna med veka før. Flaskehalsar i nettet kan gjere at Vest-Noreg (NO5) ikkje får like låge kraftprisar i periodar med høg import av rimeleg kraft til sørlege Noreg frå Sør-Sverige (SE3) og kontinentet. Dette bidrog til at Vest-Noreg hadde den høgaste vekeprisen i Noreg i veke 13.
Låg vasskraftproduksjon for årstida i sørlege Noreg
Kraftproduksjonen i Noreg samla gjekk ned i veke 13, og nedgangen var størst i Sørvest-Noreg (NO2). Førebelse tal for Sørvest-Noreg visar at veke 13 hadde den lågaste vasskraftproduksjonen hittil i år, og at den var låg for årstida. Høg kraftimport til sørlege Noreg bidrog til den låge produksjonen frå vasskraft.
Høgt kraftoverskot i nord og låge kraftprisar
Høgt kraftoverskot nord i Norden og flaskehalsar i nettet gav lågare kraftprisar enn sør i Norden, også førre veke. Vindkraftproduksjonen nord i Norden gjekk ned samanlikna med veka før, men var framleis på eit høgt nivå for årstida. Auka produksjon frå vasskraft med magasin vog opp for noko av reduksjon i vindkraftproduksjonen, og samla sett var kraftproduksjonen nord i Norden på nivå med veka før. Stort kraftoverskot i områda rundt bidrog til nettoimport av kraft til Midt- og Nord-Noreg (NO3 og NO4) også i veke 13.
Krigen i Midtausten
Sidan USA og Israel sitt angrep på Iran 28. februar har dei fossile brenselsprisane auka kraftig. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa vil kunne variere mykje frå veke til veke. Mellom anna vil verknaden avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissettande teknologien. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandsforbindelsane.
Merknad
Det er feil i data for svensk forbruk laurdag 28. mars, samt datamangel nokre enkelttimar for forbruk i Danmark. Desse tala er erstatta med prognosetal. Dette påverka oversikten over svensk og dansk forbruk, samt nordisk nettoeksport i rapporten (tabell 6 og 7, og figur 12).
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 13 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.