Publisert 04.04.2018

Kraftsituasjonen veke 13 2018

Norsk nettoimport for tredje veke på rad.

I veke 13 fall temperaturane i store delar av landet. Trass i kaldare vêr gjekk forbruket i Noreg ned, noko som heng saman med påskeferien.

Lågare forbruk og lite tilsig bidrog til ein betydeleg nedgang i norsk kraftproduksjon. Dette medverka til norsk nettoimport for tredje veke på rad. Kraftprisane i Norden var relativt uendra frå veka før og ligg på eit nivå på rundt 40 øre/kWh.

Den 20. mars inntraff det ein feil på NorNed-kabelen mellom Noreg og Nederland. I førre veke varsla Statnett at feilen ligg på nederlandsk side og at det framleis vert arbeida med å finne feilen. Kabelen vil ikkje være tilgjengeleg for markedet før tidlegast 25. april.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 13 her

Kontaktperson

Overingeniør Jonas Skare Amundsen,
Tlf: 22 95 94 42