Kraftsituasjonen veke 12, 2026
Betydelege prisforskjellar mellom nord og sør i Noreg
Det var betydelege prisforskjellar mellom nord og sør i Noreg i veke 12. Høg vindkraftproduksjon nord i Norden bidrog til at det vart fleire timar med null- og minusprisar i Nord-Noreg (NO4). I sørlege Noreg held kraftprisane seg derimot høge. Samanlikna med førre veke var det lågare vindkraftproduksjon på kontinentet og i Storbritannia, noko som bidrog til at det vart høgare kraftprisar og nettoeksport frå sørlege Noreg.
Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):
- Søraust-Noreg (NO1): 124 øre/kWh (+6 øre/kWh frå veke 11)
- Sørvest-Noreg (NO2): 123 øre/kWh (+6 øre/kWh frå veke 11)
- Midt-Noreg (NO3): 71 øre/kWh (-4 øre/kWh frå veke 11)
- Nord-Noreg (NO4): 5 øre/kWh (-19 øre/kWh frå veke 11)
- Vest-Noreg (NO5): 126 øre/kWh (+8 øre/kWh frå veke 11)
Auka prisforskjellar i Noreg
Det var betydelege prisforskjellar mellom nord og sør i Noreg førre veke. I Nord-Noreg (NO4) var det fleire timar med null- og minusprisar. Dette skuldast mellom anna høg vindkraftproduksjon nord i Norden, lågt forbruk som følgje av mildare vêr, samt flaskehalsar i nettet.
I dei sørlege prisområda (NO1, NO2 og NO5) følgde kraftprisane i stor grad prisutviklinga på kontinentet. Der førte lågare vindkraftproduksjon til at meir av kraftforbruket måtte dekkjast av fossil kraftproduksjon, noko som trakk snittprisane over veka opp.
Kraftflyt til Nord-Noreg (NO4)
Trass i at Nord-Noreg (NO4) ofte hadde lågare kraftpris vart det import av kraft frå Sverige (SE1 og SE2) gjennom store delar av veka. Høg vindkraftproduksjon gav eit stort kraftoverskot nord i Norden. I slike høve kan import til Nord-Noreg (NO4) avlaste kraftnettet i nærliggande prisområde, og gi høgare kraftflyt frå nord til sør i Norden, der etterspurnaden og kraftprisane er høgare. Eit planlagt vedlikehald av nettet i Midt-Noreg (NO3) forsterka denne effekten førre veke.
Nettoimport av kraft til Noreg
Kraftproduksjonen i Noreg gjekk ned i veke 12, og nedgangen var spesielt stor i Nord-Noreg (NO4). Samanlikna med veka før vart vasskraftproduksjonen der halvert, mellom anna grunna den høge vindkraftproduksjonen i områda rundt. Det har aldri før vore så låg vasskraftproduksjon i Nord-Noreg (NO4) på denne årstida, og dette bidrog til at Noreg vart nettoimportør av kraft veka sett under eitt. Det var noko høgare eksport enn import frå sørlege Noreg. Lågare vindkraftproduksjon og høgare kraftprisar på kontinentet og i Storbritannia bidrog til dette.
Krigen i Midtausten
Sidan USA og Israel sitt angrep på Iran 28. februar har dei fossile brenselsprisane auka kraftig. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa vil kunne variere mykje frå veke til veke. Mellom anna vil verknaden avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissettande teknologien. Dei norske kraftprisane blir vidare påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandsforbindelsane.
Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 12 2026
Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her.
For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.