Høgare temperaturar reduserte forbruk og produksjon i Norden.

I førre veke gav auken i temperaturane lågare oppvarmingsbehov i Norden. Det førte til at forbruket av elektrisk kraft gjekk ned med 7 prosent. Det medverka vidare til at kraftproduksjonen gjekk ned i veke 12 samanlikna med veka før.

Kulda i vinter har medført høg vasskraftproduksjon i Norden, og er ein årsak til at magasinfyllinga no er lågare enn normalt. Det har medverka til forventing om høgare kraftprisar før snøsmeltinga set i gang. På terminmarknaden har nordiske kraftprisar for andre kvartal auka til nivå med dei tyske kraftprisane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 12 her