Publisert 18.03.2026

Kraftsituasjonen veke 11, 2026

Reduserte kraftprisar i naboland bidrog til import av kraft til Noreg

Dei to siste vekene har vore prega av høge fossile brenselsprisar som følgje av krigen i Midtausten. Kraftprisane på kontinentet vart i mindre grad påverka av dei høge brenselsprisane i veke 11. Hovudårsaka var meir fornybar kraftproduksjon som dempa prisane. Kraftproduksjonen i Noreg gjekk ned førre veke, og Noreg gjekk frå å ha nettoeksport i veke 10 til å ha nettoimport i veke 11.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 118 øre/kWh (-4 øre/kWh frå veke 10)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 116 øre/kWh (-5 øre/kWh frå veke 10)
  • Midt-Noreg (NO3): 75 øre/kWh (-11 øre/kWh frå veke 10)
  • Nord-Noreg (NO4): 24 øre/kWh (-1 øre/kWh frå veke 10)
  • Vest-Noreg (NO5): 118 øre/kWh (-1 øre/kWh frå veke 10)

Framleis høge brenselsprisar
Dei fossile brenselsprisane auka kraftig i veke 10 etter USA og Israel sitt angrep på Iran 28. februar. Prisane på brensla har sidan den gong lege på eit høgt nivå, også gjennom heile veke 11.

Trass i høge brenselsprisar, gjekk dei gjennomsnittlege kraftprisane på kontinentet ned samanlikna med veka før. Årsaka var mellom anna fleire timar med høgare vindkraftproduksjon enn i veka før. I periodar med mykje fornybar kraftproduksjon trengst det færre timar med dyrare fossil kraftproduksjon, og resultatet kan bli lågare kraftprisar.

Priskopling mellom sørlege Noreg og kontinentet
Kraftprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) følgde kraftprisane på kontinentet tett gjennom store delar av veka. Sjølv om sørlege Noreg ofte hadde like prisar som Tyskland, kopla dei seg frå dei høgaste og lågaste prisane. At sørlege Noreg ikkje vart med ned på dei tyske prisane, handlar blant anna om at Noreg har mykje regulerbar vasskraftproduksjon. Det gjer at vasskraftprodusentane kan spare på vatnet i dei periodane det er låge prisar på kontinentet. I slike periodar importerer Noreg rimelegare kraft frå nabolanda.

Nettoimport av kraft til Noreg
Kraftproduksjonen i Noreg gjekk ned førre veke, med unntak av i Nord-Noreg (NO4). Det gjorde at ein større del av forbruket måtte dekkjast av import. Dette bidrog til at Noreg gjekk frå å ha nettoeksport i veke 10 til å ha nettoimport i veke 11.

Krigen i Midtausten
Sidan USA og Israel sitt angrep på Iran 28. februar har dei fossile brenselsprisane auka kraftig. Korleis dette vil verke inn på kraftprisane i Europa vil kunne variere mykje frå veke til veke. Mellom anna vil verknaden avhenge av kor ofte fossil kraftproduksjon er den prissettande teknologien. Dei norske kraftprisane blir videre igjen påverka av prisnivået i Europa gjennom mellomlandsforbindelsene.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 11 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Rikke Helene Bækken

Epost: riba@nve.no