Lågare prisar og nettoimport til Noreg.

Kraftprisane i Noreg gjekk ned 2-3 prosent i førre veke til om lag 42 øre/kWh. Prisnivået i Noreg er framleis noko over prisnivået i nabolanda våre, kor høg vindkraftproduksjon har medverka til å trekke prisen ned.

I veke 11 var nettoimporten til Noreg 500 GWh. Dette er sjette veke på rad med nettoimport.

Framtidsprisane gjekk ned i førre veke. Prisen på kontrakten for nordisk kraft for andre kvartal falt med om lag 10 prosent til 37 øre/kWh ved utgangen av veke 11.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 11 2019 her. (PDF)