Lågare vasskraftproduksjon og import.

Vedvarande låge temperaturar, høgt forbruk og mykje vindkraftproduksjon i både Danmark og Sverige førde til nettoimport til Noreg førre veke. Dette var fyrste veke med nettoimport i år. I samband med auka i vindkraftproduksjon, gjekk vasskraftproduksjonen kraftig ned.

Kraftprisane sank i heile Norden førre veke, men nedgangen var kraftigast i Danmark. I slutten av veka var det fleire timar med negative prisar i både Danmark og Tyskland.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 11 her.