Publisert 11.03.2026

Kraftsituasjonen veke 10, 2026

Høgare kraftprisar på kontinentet og i sørlege Noreg

Konflikten i Midtausten bidrog til sterk auke i prisane på brensler i veke 10. I tillegg var det lågare vindkraft enn veka før fleire stader. Dette medverka til at vasskraftproduksjonen og krafteksporten frå sørlege Noreg auka. Samstundes bidrog varmare vêr til ein brei nedgang i kraftforbruket i Nord-Europa, som var med på å dempe prisoppgangen.

Nøkkeltal for veka
Kraftprisar (gjennomsnitt for veka):

  • Søraust-Noreg (NO1): 122 øre/kWh (+20 øre/kWh frå veke 9)
  • Sørvest-Noreg (NO2): 121 øre/kWh (+22 øre/kWh frå veke 9)
  • Midt-Noreg (NO3): 86 øre/kWh (-11 øre/kWh frå veke 9)
  • Nord-Noreg (NO4): 25 øre/kWh (-35 øre/kWh frå veke 9)
  • Vest-Noreg (NO5): 119 øre/kWh (+17 øre/kWh frå veke 9)

Høge brenselsprisar og lågare vindkraftproduksjon på kontinentet
USA og Israel sitt angrep på Iran 28. februar førte til at dei europeiske brenselsprisane auka sterkt. Sidan den gong har prisane variert mykje, men haldt seg på eit høgt nivå. Dei høge brenselsprisane bidrog til høge kraftprisar i dei timane der fossil kraftproduksjon sette kraftprisen. I tillegg var det lågare vindkraftproduksjon på kontinentet enn veka før. Til saman bidrog dette til auka vekeprisar på kontinentet.

Vasskraftproduksjonen og krafteksporten i sørlege Noreg auka
Med lågare vindkraftproduksjon måtte ein større del av kraftforbruket på kontinentet bli dekt av kraftimport og dyrare fossil kraftproduksjon. Noko av forbruket vart dekt av norsk vasskraftproduksjon. I kombinasjon med lågare norsk forbruk, ga det ein oppgang i nettoeksporten frå veka før. 

Gjennom veka var kraftprisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) lågare enn på kontinentet i periodane der fossil kraft satt kraftprisen, og det var eksport av kraft frå Sørvest-Noreg. Skulle Noreg hatt import i desse periodane måtte prisane i Noreg vore høgare enn kostnaden for fossil kraftproduksjon på kontinentet.

Redusert kraftforbruk og høg solkraftproduksjon dempa prisoppgangen
Det var ein brei nedgang i kraftforbruket i Nord-Europa i veke 10, som følgje av mildare vêr. I tillegg var det høg solkraftproduksjon for årstida fleire stader. Dette var med på å dempe prisoppgangen over veka i sørlege Noreg og på kontinentet.

Fortsatt krig i Midtausten
Det pågår fortsatt en krig i Midtausten. Korleis og kor mykje dette vil påverke utviklinga framover er usikkert.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kontaktperson

Øystein Løvstad Lekve

Epost: olek@nve.no