Kraftsituasjonen veke 10, 2021 - NVE

Flaskehalsar gir prisskilnad mellom nord og sør

Grunna flaskehalsar i nettet mellom dei nordlege og dei sørlege prisområda vart den gjennomsnittlege vekesprisen i Nord- og Midt-Noreg 16 øre/kWh lågare enn i prisområda i sør. I snitt for veka vart prisen 27,3 øre/kWh i nord og 43,5 øre/kWh i sør.

Det var svært høg vindkraftproduksjon på kontinentet frå og med onsdag førre veke. Det gav tilgang på mykje rimeleg kraft, noko som bidrog til at Noreg blei nettoimportør av kraft førre veke.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10, 2021 (PDF)