Varmare, men framleis kaldt.

Det er framleis vinterleg vêr i Norden, men førre veke var varmare enn veka før. Det bidrog til lågare kraftforbruk og eit mindre pressa kraftsystem. Som følge av det gjekk kraftprisane i Norden ned, men dei er likevel høge samanlikna med prisnivået dei siste åra.

I tillegg til kulde og lite nedbør i vinter, bidreg òg høgare prisar på utsleppsrettar for CO2 til auken i kraftpris. I førre veke gjekk CO2-prisen opp med 10 prosent og kostnaden for CO2-utslepp er på sitt høgaste nivå sidan 2011.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 10 her