Publisert 07.01.2026

Kraftsituasjonen veke 1, 2026

Kaldare vêr og auka kraftprisar

Høgare forbruk
Det var ein oppgang i kraftforbruket i alle dei norske prisområda førre veke. Dette heng saman med eit vêromslag og låge temperaturar i veke 52 som held fram i veke 1. I tillegg tok næring- og industriaktiviteten seg opp etter juleferien. Nord-Noreg (NO4) fekk den største endringa i temperatur, der gjekk det frå temperaturar over normalen til under normalen i overgangen til veke 1. Dette bidrog til at Nord-Noreg hadde den største forbruksauken av alle dei norske prisområda førre veke.

Auka kraftprisar i Noreg og reduserte på kontinentet
Medan Noreg, Sverige og Finland hadde ein auke i kraftprisane, gjekk dei gjennomsnittlege kraftprisane ned fleire stadar på kontinentet. Mykje vindkraft i Tyskland, særleg på fredagen bidrog til særs låge prisar store deler av dagen. I same periode importerte Sørvest-Noreg (NO2) kraft og det oppstod flaskehalsar mot kontinentet. Det medverka til at prisane i sørlege Noreg (NO1, NO2 og NO5) vart høgare enn dei tyske på fredagen. Perioden med særs låge kraftprisar i Tyskland bidrog til at vekesnittet vart lågare her enn i sørlege Norge. I helga vart det kaldare vêr i Norge og lågare vindkraftproduksjon i Nord-Europa. Dette ga tilnærma lik pris i Norden og på store deler av kontinentet på søndagen.

Gjennomsnittlege kraftprisar for veke 1:

  • Søraust-Noreg (NO1): 92 øre/kWh
  • Sørvest-Noreg (NO2): 92 øre/kWh
  • Midt-Noreg (NO3): 76 øre/kWh
  • Nord-Noreg (NO4): 47 øre/kWh
  • Vest-Noreg (NO5): 90 øre/kWh

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 1 2026

Vassmagasinstatistikk
Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

For fleire detaljer, sjå: www.senorge.no/map.

Kraftpriser og kraftsystemdata
NVE lanserer no den første versjonen av «Kraftpriser og kraftsystemdata». Denne nettsida vil presentere utvalde data som blir brukt i kraftsituasjonsrapportar. Nettsida er interaktiv, og brukarar vil ha moglegheit til å tilpasse parametrar som område og tidsperiode. Vi tek gjerne imot tilbakemeldingar som kan bidra til å forbetre rapporten.

Nedlasting av vasskraft- og vindkraftdatabasen frå API

Kontaktperson

Rikke Helene Bækken

Epost: riba@nve.no