Publisert 09.01.2019

Kraftsituasjonen veke 1 2019

Mykje vind i starten av året.

Eit lågtrykk som fekk namnet Alfrida i Sverige og Finland bidrog til mykje vind i Norden og Tyskland i byrjinga av førre veke. Auka vindkraftproduksjon i våre naboland medverka til lågare prisar i heile Norden, med negative prisar i Danmark natt til onsdag. Som i veka før, var det høg nettoimport til Noreg i veke 1.

Kraftmarknaden forventar at prisen i februar vil liggje på i underkant av 60 øre/kWh, noko som er høgt historisk sett. Den nordiske terminprisane for 2. kvartal vart handla for 48 øre/kWh, om lag på nivå med dei tyske kraftprisane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 1 2019 her. (PDF)

Kontaktperson

Senioringeniør Jonas Skaare Amundsen,
Tlf: 476 43 457