Publisert 10.01.2018

Kraftsituasjonen veke 1 2018

Frå import til eksport, trass auka forbruk.

Etter ein nedgang i forbinding med jolefeiringa, auka forbruket i Noreg atter førre veke. I samanheng med dette, auka også norsk vasskraftproduksjon. Også i dei andre nordiske landa auka forbruket. Det var låg vindkraftproduksjon i Danmark siste halvdel av veka. Dette bidrog til å snu nettoimporten til Noreg ved utgongen av 2017, til nettoeksport i førre veke.

Grunna flaskehalsar i kraftnettet mellom Nord- og Sør-Tyskland, har det i lengre tid vore redusert handelskapasitet mellom Jylland og Tyskland. Ved inngangen av 2018 vart minimumskapasiteten på grensa mellom Jylland og Tyskland som skal gjerast tilgjengeleg for marknaden, auka til 700 MW for heile inneverande år. Dette vil betre vilkåra for kraftutveksling mellom Norden og kontinentet. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 1 2018 her. (PDF)      

Kontaktperson

Overingeniør Ingrid Bjørshol Holm,
tlf: 22 95 93 36