Framleis oppgang i kraftprisane

I førre veka gjekk dei gjennomsnittlege norske områdeprisane opp med om lag åtte prosent. Dette førte til ein kraftpris på 34,8 – 36,6 øre/kWh. Auken har blant anna sin årsak i høge brenselprisar og låg nordisk vindkraftproduksjon. Trass i prisoppgangen er dei norske områdeprisane blant dei lågaste i Norden.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 29 2019 her. (PDF)