Lovbrotsgebyr til settefiskselskap i Hordaland

NVE ilegg Green Salar AS i Kvam herad eit lovbrotsgebyr på 3 750 000 kroner for brot på konsesjonen til å regulere Eidesvatn og brot på forskrift om internkontroll etter vassdragslovgjevinga. Brota skjedde hausten 2015.

-    Selskapet har ikkje sleppt den minstevassføringa dei er pålagt, og som er nødvendig for å oppretthalde økosystemet i, og langs, vassdraget. I tillegg har selskapet ikkje dokumentert at dei har etterlevd kravet om slepp av minstevassføring, seier seksjonssjef Øyvind Leirset i NVEs miljøtilsyn.

Eidesvatn er nytta som vasskjelde til  Green Salar AS sitt settefiskanlegg på Ljones. Selskapet hadde lov til å regulere innsjøen 75 centimeter, men senka den ytterlegare 69 centimeter under dette. Det var grunneigarar rundt sjøen som gjorde NVE merksam på dette. Vasstanden i Eidesvatn var under lågaste tillatne regulerte vasstand i 45 døger. Etter at NVE hadde gjort vedtak om at den ulovlige tilstanden skulle opphøyra, vart det sett i gang tiltak for å redusere vassuttaket. Dette, supplert med store nedbørmengder, gjorde at vasstanden var tilbake over lågaste tillatne regulerte vasstand 15.11.2015.

-    Krav om reguleringshøgder og slepp av minstevassføring i konsesjonar er sett for at økosystemet skal oppretthaldast trass i at det vert teke vatn ut frå vassdraget. Reguleringsgrenser og storleik på minstevassføringa er sett ut frå ein vurdering som er gjort i konsesjonsprosessen, presiserer Leirset.

Mange av vassdraga som forsyner settefiskanlegg med ferskvatn er mindre, men høgproduktive, kystvassdrag, med bestandar av sjøaure og tidvis også laks. Uttak av vatn ut over det ein har lov til i konsesjonen, vil dermed direkte påverke desse bestandane. I tillegg til at det er ulovleg, er det sterk uheldig då svært mange bestandar av sjøaure viser ein urovekkande negativ trend. Sjøaurebestandane som lever i elvane og bekkane som renn ut Hardangerfjorden skil seg ikkje frå dette mønsteret.

-    Vi har dessverre fleire alvorlege reaksjonssaker som gjeld settefiskanlegg. Oppfølging av slike anlegg blir prioritert høgt for å unngå miljøskade. Kontroll vil sikre like vilkår i næringa mellom fleirtalet som investerer i forbetra produksjonsmåte og fåtalet som berre håpar det går bra, seier Leirset.

Ved utmåling av lovbrotsgebyret har NVE lagt særleg vekt på kor grovt brotet er, den økonomiske fordelen og at brotet vart gjort for å fremme tiltakshavaren sine interesser. Potensiell økonomisk fordel i denne saka er berekna til ca. 3,5 millionar kroner.

Ein kan klage på vedtaket til Olje- og energidepartementet innan tre veker frå det er motteke.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øyvind Leirset:
tlf. 400 69 485

Avdelingsdirektør Ingunn Åsgard Bendiksen:
tlf. 922 68 070