Nord-Fron kommune får no betre og meir presise kart som gjev oversyn over skredfare. Faresonekartet syner at det ligg over 50 bustader innanfor 1000-års faresona for skred i dei kartlagde områda. NVE overleverte karta onsdag 14.mars 2018.

Foto: Skred AS

Kartet tek omsyn til skredtypane snøskred, sørpeskred, steinsprang, jordskred og flaumskred. Dei kartlagde områda er Kvam vest, Kvam, Brekka og Baksida, Vinstra vest og Vinstra.

– Kartlegginga gjev oss ny kunnskap om skredutfordringane i Nord-Fron kommune. Faresonekartet syner at det er lausmasseskred og steinsprang som i dei fleste tilfella utgjer fare for busetnad, fortel Petter Glorvigen, regionsjef i NVE.

Karta er enkle i bruk. Det er teikna ei felles faresone for dei aktuelle skredtypane, slik at kommunen berre treng å forhalde seg til éi faresone om gongen. På den måten får kommunen raskt oversikt over kva område som er utsett for skred.

- Med faresonekartet som NVE no har fått utarbeidd, har kommunen eit godt grunnlag for arealforvaltning og byggesakshandsaming, for å vurdere sikringstiltak og for bruk i lokal skredberedskap, seier Glorvigen.

Grunnlaget for faresonekartet er studie av kart og flybilete, terrengmodellanalyse, klimaanalyse, tidlegare skredhendingar, synfaringar i felt og modellering av skreddynamikk. Karta er produsert i digital form, slik at kommunen og andre kan nytte dei i eigne verktøy saman med andre kartdata.

 

Rapporten: http://publikasjoner.nve.no/rapport/2018/rapport2018_11.pdf

Faresonekarta: https://goo.gl/T6yK13