NVE har intensivert arbeidet med å revidere konsesjonsvilkåra for eldre kraftverk. Hovudformålet med ein vilkårsrevisjon er å betre miljøforholda i regulerte vassdrag. Norge har implementert EUs rammedirektiv for vatn (vassforskrifta), som set konkrete miljømål for vassdraga. Vilkårsrevisjon er eit viktig verktøy for å kunne nå desse måla.

NVE sender nå fire revisjonssaker til Olje og Energidepartementet. Direktør Rune Flatby i NVE seier at dei fire sakene illustrerer på ei god måte at utfal av ei vilkårsrevisjon kan og vil variere. - I den enkelte sak vert det sentralt å vurdere nytten av moglege miljøforbetringar mot behovet for fleksibilitet i  kraftsystemet, forsyningstryggleik og reguleringsevne, påpeikar Flatby.

 Olje- og Energidepartementet vil stå for den endelege avgjerda i disse sakene.

 

Les meir om sakane her:

Trollheim kraftverk i Surna i Møre og Romsdal fylke

Abojohka m.v. i Troms fylke

Hemsilvassdraget m.v. i Buskerud fylke

Suvdøla i Drangedal og Nissedal kommunar i Telemark fylke