NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Kvænangen Kraftverk AS nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Abojohka m.v. Kvænangen og Nordreisa kommunar i Troms fylke.

På bakgrunn av krav frå Nordreisa og Kvænangen kommunar har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Abojohka m.v.

NVE tilrår at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraget, som gir moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak.

NVE tilrår ikkje slepp av minstevassføring i Mollesjohka, Abojohka eller Njemenjaikojohka, då fordelane for fisk eller vassmiljø ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og kostnadane dette ville ha ført med seg.

Les meir om vilkårsrevisjonen for Abojohka m.v.