NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje E-CO Energi AS nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Hemsilvassdraget m.v. i Hemsedal, Gol og Ål kommunar i Buskerud fylke.

På bakgrunn av krav frå Hemsedal, Gol og Ål kommunar og Hemsedal fiskerforening har NVE handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for Hemsilvassdraget m.v.

NVE tilrår at det blir gjeve moderne konsesjonsvilkår for reguleringa av vassdraget, som gjev moglegheit til å pålegge avbøtande tiltak.

NVE tilrår ikkje slepp av minstevassføring i Lauvdøla eller til magasinrestriksjonar i Gyrinos-Flævatn, då fordelane for fisk eller vassmiljø ikkje veg opp for reduksjonen i kraftproduksjon og kostnadane dette ville ha ført med seg. NVE tilrår heller ikkje landbru over Gyrinos-Flævatn, då mulege fordelar for villrein ikkje veg opp for kostnadane og inngrepa dette vil innebere.

Les meir om vilkårsrevisjonen for Hemsilvassdraget.