NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Drangedal e-verk KF nye konsesjonsvilkår for reguleringane i Suvdølavassdraget i Drangedal og Nissedal kommunar i Telemark.

NVE har handsama vilkårsrevisjon for Drangedal e-verk sine tre reguleringskonsesjonar i Suvdølavassdraget. NVE tilrår at Drangedal e-verk får nye, oppdaterte konsesjonsvilkår.

NVE tilrår vilkår om minstevassføring i Lianelva og Kleppvasselva. Dette vil gje betre vassmiljø og betre forhold for friluftsliv ved vassdraget om sommaren. NVE tilrår òg vilkår om å prioritere tilsiget til oppfylling av Kleppsvatn til kote 532 i sommarmånadene.

I revisjonssaka har landskap og friluftsliv vore sentrale tema. NVE har søkt å balansere omsynet til miljø og friluftsinteresser i Suvdøla mot fordelane ved fornybar kraftproduksjon og reguleringsevne i vassdraget.

 

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om vilkårsrevisjon for Suvdøla