Tysso II
Kraftverket Tysso II vart sett i drift i 1967 og dobla kraftproduksjonen til Tyssefaldene. Utbygginga kopla Odda til samkjøyringsnettet og sikra auka og stabil kraftforsyning til industri og allmenn befolkning.
Historikk
Kraftverket Tysso II vart sett i drift av AS Tyssefaldene i 1967. Deira første kraftverk, Tysso I, vart sett i drift allereie i 1908. Med Tysso II vart Tyssefaldenes kraftproduksjon dobla. Samtidig med utbygginga vart Sengjanes transformatorstasjon og ei ny leidning på 300 kV mellom Skjeggedal og Røldal bygd. Dette hadde mykje å seie for Oddasamfunnet og den lokale storindustrien. No vart dei endeleg tilknytte samkøyringsnettet og sikra stabil og auka straumforsyning. Overgangen frå den blinkande 25 Hz-en straumen til 50 Hz, visstnok som den siste staden i landet, var også ein milepæl. Tyssestrengene og Ringedalsfossen gjekk likevel tapt med denne utbygginga.
Arkitektur
Portalen, maskinhallen og begge dammane er teikna av arkitekten Geir Grung. Portalbygget har kraftige dobbeltsøyler og dragarar av ubehandla betong. Designelement går igjen i utforminga av lukehusa, portalen og i maskinhallen.
Teknisk utføring
Tyssehøl er ein sju meter høg teltdam i betong med lukehus. Omgrepet teltdam kjem av at dammen er hol inni, med eit tverrsnitt som minner om eit enkelt telt. Lukehuset i betong har vegger i delvis gjennomsiktig glas, som speglar element i utforminga av portalen og maskinhallen.
Nibbehøl dam er ein 36 meter høg og 115 meter lang betongdam med lukehus. Dammen har også eit lukehus i betong med vegger som speglar den same utforminga i anlegget elles. Nibbehøl vart rehabilitert i 2019 for å forsterke stabiliteten på dammen.
Portalen ligg ved Ringedalsdammen, og er utført i ubehandla betong.
Maskinhallen har betongkvelv i taket og ein naken bergvegg på den eine langsida. I ei litt uvanleg løysing, er det elektriske anlegget plassert langs den andre langveggen. Anlegget ligg bak gitterportar på golvnivå og på nivået over ligg det bak ein skjerm av delvis gjennomsiktig glas. Tysso II hadde opphavleg to aggregat med peltonturbiner, kvart på 90 MW. Kraftverket vart modernisert på byrjinga av 2000-talet med ei yting på kvart aggregat til 110 MW.
Omfang
Listeføringa omfattar portal, maskinhall, Nibbehøl og Tyssehøl dammar.
Grunngiving
Med Tysso II vart kraftproduksjonen til Tyssefaldene dobla. Oddasamfunnet vart kopla til samkøyringsnettet, og fekk endeleg auka og stabil kraftforsyning til industri og allmenn forsyning. Heile anlegget ber preg av arkitektteikna detaljar av Geir Grung, ein av dei viktigaste arkitektane i norsk seinmodernisme. Tysso II er del av eit større kulturmiljø som inneheld fleire freda og listeførte element.
Listeføringa skal bidra til å vareta kulturminneverdiane til eit kraftverk som både er ei viktig utbygging i seg sjølv, og ein del av heilskapen i eit nasjonalt viktig kulturmiljø. Utbyggingane i Tyssedal er ein del av Indre Sørfjorden - kulturhistorisk landskap av nasjonal interesse.
Relatert informasjon
Fylke: Vestland
Kommune: Ullensvang
I drift: 1967-
Installasjon: 224 MW
Fallhøgde: 725 meter
Noverande eigar: Statkraft Energi AS
Kraftstasjon: I dagen
Magasin: Ja
Viktige momentar
-
Tysso II er ein viktig del av eit vasskraftrelatert kulturmiljø med lang kontinuitet og nasjonal verdi.
-
Fleire element som høyrer til kulturmiljøet er freda etter kulturminnelova og/eller listeførte kulturminne.
-
Utforminga på fleire av elementa i Tysso II er teikna av arkitekten Geir Grung, og representativ for tidsepoken sin.
-
Utbygginga av Tysso II var svært viktig for straumforsyninga til privatpersonar og industri i regionen, som endeleg vart knytt til samkøyringsnettet.
-
Delar av dei tilhøyrande industrianlegga i Odda er også freda.
Kjelder
- Digitalt Museum (2025, 16. desember) Tysso II. Hentet fra DigitaltMuseum
- Solem, A., Vogt, F. (1966). Norske kraftverker 2. Teknisk ukeblads forlag.
- Statkraft (2025, 16. desember). Tysso II vannkraftverk. Hentet fra Tysso II vannkraftverk | Statkraft
- Tidsarkivet (2025, 16. desember). Heimdal Vassverk. Hentet fra Heimdal Vassverk – Tidsarkivet
- Tyssefaldene (2025, 16. desember). Om oss. Hentet fra Om oss – AS Tyssefaldene
- Bjørsvik, E., Nynäs, H., Faugli, P. E. (Red.). (2013). Kulturminner i norsk kraftproduksjon. (NVE Rapport 2013:52). Oslo: NVE.
- Riibe, S., Weyergang-Nielsen, H. (2010). Kraftoverføringens kulturminner. (NVE Rapport 2010:17). Oslo: NVE.