Vassmagasinstatistikk veke 49 2019 - NVE

Noko mindre nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 49 var fyllinga i norske magasin på 68,6 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 1,2 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 75,8 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 56,2 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 78,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 49, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.