Framleis nedgang i fyllingsgraden. Ved utgangen av veke 49 var fyllingsgraden i norske magasin 72,3 prosent.

Fyllingsgraden gjekk ned med 2,0 prosenteiningar mot 2,4 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2017 er 76,5 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 60,1 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 77,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 49 2018, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.

 

Vassmagasinstatistikk for veke 51 vert publisert på fredag 28.desember kl. 13 .

For veke 52 vert statistikken publisert på torsdag 3. januar kl. 13