Vassmagasinstatistikk veke 48 2019 - NVE

Fyllingsgraden på 70 prosent. Ved utgangen av veke 48 var fyllinga i norske magasin på 70 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 2,4 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 78,6 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 57,2 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 80,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 48, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.