Vassmagasinstatistikk veke 46 2020 - NVE

Framleis høg magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 46 var fyllingsgraden i norske magasin 93,8 prosent.

Fyllingsgraden er den høgaste på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 0,9 prosenteiningar.  

Høgast magasinfylling hadde Aust- Noreg (område 1) med 97,6 prosent, mens Nord-Noreg (område 4) hadde lågast fylling med 91,2 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 46, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.