Litt større nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 40 var fyllinga i norske magasin 81,5 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 0,8 prosenteiningar.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 84,4 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 72,7 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 87,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 40, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.