Nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 39 var fyllinga i norske magasin 82,3 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 0,4 prosenteiningar.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 82,9 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 73,9 prosent, medan Midt-Noreg (Elspotområde 3) hadde høgast fylling med 87,5 prosent.

Fyllingsgraden skal samanliknast med maksimum, minimum og median fyllingsgrad dei siste 20 åra. I 2019 betyr det at vi skal bruke perioden 1999-2018 for å rekne ut maksimum, minimum og median fyllingsgrad. På grunn av ein feil har vi sidan 8.april 2019 i staden brukt perioden 1995-2018. Denne feilen er no retta.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 39, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.