Større auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 37 var fyllinga i norske magasin 81,2 prosent.

Magasinfyllinga auka med 1,6 prosenteiningar.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 84,2 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 74,3 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 87,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 37, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.