Noko mindre auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 35 var fyllinga i norske magasin 78,5 prosent.

Magasinfyllinga auka med 1,1 prosenteiningar.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 82,5 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 73,0 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 86,3 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 35, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.