Samme auke i magasinfyllinga som førre veke. Ved utgangen av veke 34 var fyllinga i norske magasin 77,3 prosent.

Magasinfyllinga auka med 1,8 prosenteiningar.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 81,1 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 71,8 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 85,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 34, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.