Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 15.06.2022

Vassmagasinstatistikk veke 23 2022

Ved utgangen av veke 23 var fyllingsgrada i norske magasin 42,3 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 54,3 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 4,8 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 54,5 prosent, mens Vest-Noreg (område 5) hadde lågast fylling med 30,9 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 23, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.

Frå og med 13.juni har Statnett endra grensa mellom prisområda Midt-Noreg (område 3) og Vest-Noreg (område 5). Magasinstatistikken er oppdatert å gjeld den nye inndelinga. Magasinkapasiteten er oppdatert. For meir informasjon sjå https://www.nve.no/nytt-fra-nve/nyheter-energi/liten-oekning-i-beregnet-magasinkapasitet/