Framleis auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 22 var fyllingsgrada i norske magasin 52,3 prosent.

Fyllingsgrada auka med 2,0 prosenteiningar.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 47,7 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 40,7 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 65,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 22, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.