Nesten halvfulle magasin. Ved utgangen av veke 21 var fyllingsgrada i norske magasin 49,8 prosent.

Fyllingsgrada auka med 7,6 prosenteiningar.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 44,3 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 38,4 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 62,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 21, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.