Vassmagasinstatistikk veke 20 2020 - NVE

Noko større nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 20 var fyllinga i norske magasin på 31,7 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 1,5 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 39,5 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Midt-Noreg (Elspotområde 3) med 19,0 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 43,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 20, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.