Meir vatn i magasina. Ved utgangen av veke 20 var fyllingsgrada i norske magasin 41,8 prosent.

Fyllingsgrada auka med 1,7 proseneiningar.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 39,0 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Vest-Noreg (Elspotområde 5) med 31,1 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 52,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 20, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.