Sterkare nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 2 var fyllingsgraden i norske magasin 60,7 prosent. 

Fyllingsgraden gjekk ned med 2,0 prosenteiningar mot 1,2 prosenteiningar veka før.

Medianverdien for fyllingsgraden på tilsvarande tidspunkt for åra 1990-2018 er 66,4 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 51,8 prosent, medan Midt-Noreg (Elspotområde 3) hadde høgast fylling med 65,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 2 2019, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken.