Liten auke i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 19 var fyllingsgrada i norske magasin 40,1 prosent.

Fyllingsgrada auka med 0,1 prosenteining.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 35,8
prosent.

Lågast magasinfylling hadde Vest-Noreg (Elspotområde 5) med 29,7 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 50,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 19, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken