Framleis stor auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 18 var fyllingsgrada i norske magasin 40,0 prosent.

Fyllingsgrada auka med 4,2 prosenteiningar.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 32,0 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Vest-Noreg (Elspotområde 5) med 30,0 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 50,6 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 18, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken