Betydeleg auke i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 17 var fyllingsgrada i norske magasin 35,4 prosent.

Fyllingsgrada auka med 4,0 prosentpoeng.

Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 1999-2018 er 31,3 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Aust-Noreg (Elspotområde 1) med 22,7 prosent, medan Sørvest-Noreg (Elspotområde 2) hadde høgast fylling med 45,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 17, samt historiske verdiar og diagram er å finne i Vassmagasinstatistikken