Vassmagasinstatistikk veke 16 2021 - NVE

Framleis nedtapping av magasina. Ved utgangen av veke 16 var fyllingsgrada i norske magasin 40,0 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 1,5 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 31,7 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest-Noreg (område 2) med 50,4 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 17,4 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 16, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.