Vassmagasinstatistikk veke 15 2021 - NVE

Noko større nedtapping av magasina enn veka før. Ved utgangen av veke 15 var fyllingsgrada i norske magasin 41,8 prosent.

Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 2,4 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 33,4 prosent. 

Høgast magasinfylling hadde Sørvest-Noreg (område 2) med 52,5 prosent, mens Aust-Noreg (område 1) hadde lågast fylling med 18,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 15, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.