Publisert 22.11.2017

Kraftsituasjonsrapporten veke 46 2017

Kaldt vær auka forbruket og kraftprisene følgde etter.

I førre veke gjekk temperaturen ned i heile Norden, noko som auka kraftforbruket. Det medverka til høgare kraftprisar dei fleste nordiske prisområda. Unntaket var dei danske prisane som gjekk ned grunna oppgang i vindkraftproduksjon.

Igjennom veka var forskjellen på den høgaste kraftpris og lågaste timepris i Noreg på 7 øre/kWh. Den låge forskjellen skuldast balansering med vasskraft. På kontinentet derimot var det ein veke med svært mykje volatilitet. I høglast på onsdag 15.11 vart den tyske prisen 119 øre/kWh. Den lågaste tyske prisen natt til søndag vart så vidt negativ.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 46 her. (PDF)

Kontaktperson

Rådgjevar Martin Andreas Vik;
tlf: 997 74 549