Publisert 19.02.2020 , sist oppdatert 24.02.2020

Kraftsituasjonen veke 7, 2020

Redusert kapasitet mellom Noreg og Sverige

Kraftproduksjonen i Noreg minka med ni prosent førre veka. Forbruket vart også redusert, mellom anna grunna høge temperaturar i store delar av landet. Norske kraftprisar vart ytterlegare redusert frå veka før.

Grunna ein skade på ein av kraftkablane som går over Oslofjorden, vart kapasiteten for å utveksle kraft mellom Noreg og Sverige redusert. Frå SE3 til NO1 er kapasiteten redusert med 50 prosent og frå NO1 til SE3 med 70 prosent. Det er forventa at kapasitet er tilbake til normalt i begynninga av mars.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 7 her.

Merknad (20.02.2020): Oppdatert budskap.

Kontaktperson

Frida Hugaas Aulie

22959866

frau@nve.no