Kjølegare vêr og mindre vindkraft gav auka prisar.

Kjølegare vêr og mindre vindkraftproduksjon prega kraftmarknaden førre veke.

Nordisk kraftforbruk gjekk opp med 6 prosent og vindkraftproduksjonen vart nesten halvert frå veke 49. Dette bidrog til høgare kraftprisar. I dei norske prisområda auka prisane med om lag 10 prosent.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 50 her. (PDF)

Det vert ikkje publisert kraftsituasjonsrapport i romjula. Rapport for veke 51 vert publisert saman med rapport for veke 52 den første veka i januar 2018.