Publisert 08.12.2021

Kraftsituasjonen veke 48, 2021

Kaldt vêr gir forbruksauke og høge kraftprisar i Norden

Låge temperaturar for årstida bidrog til høgt forbruk i heile Norden førre veke. Norsk kraftforbruk vart på 3 461 GWh, ein auke på 11 prosent frå veka før. Dei siste 5 åra er det svært få veker der totalforbruket har overgått dette nivået. Saman med høge kraftprisar på kontinentet bidrog dette til at kraftprisane i Norden auka ytterlegare frå veka før.

Sør i Noreg (NO1, NO2 og NO5) låg kraftprisen for veka rundt 1,6 kr/kWh, medan den nord i Noreg (NO3 og NO4) låg på 1,4 kr/kWh. Dette er dei høgaste vekeprisane vi har sett i Noreg dei siste 10 åra. Kraftprisen vart spesielt høg måndag ettermiddag, der timeprisen  sør i Noreg låg på over 4 kr/kWh i enkelttimar. Samanfall mellom lite vindkraftproduksjon på kontinentet, høgt forbruk og stram kraftbalanse i Norden medverka til dei høge timeprisane. Utover i veka bidrog fleire periodar med høg vindkraftproduksjon i Tyskland til å dempe prisane.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 48 2021 (PDF)

Vassmagasinstatistikk
Nedgang i fyllingsgrada. Ved utgangen av veke 48 var fyllingsgrada i norske magasin 65,8 prosent. Gjennom veka gjekk magasinfyllinga ned med 3,1 prosenteiningar. Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2001-2020 er 78,4 prosent. Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (område 4) med 78,1 prosent, mens Sørvest-Noreg (område 2) hadde lågast fylling med 58,7 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

Kontaktperson

Rådgjevar Ingvild Vestre Sem
Epost: ivs@nve.no