Kaldt vêr gav pristopper i Norden og på kontinentet.

Det kalde vêret prega den nord-europeiske kraftmarknaden sist veke. Høgare kraftetterspurnad, lågare vindkraftproduksjon og redusert tilgjengelegheit på franske kjernekraft bidrog til at kraftprisane steig til over 1 kr/kWh onsdag ettermiddag. Alle dei nordiske elspotområda følgde med på pristoppen.

Som følgje av den knappare ressurssituasjon på kontinentet, gjekk den nordiske nettoeksporten opp med 225 GWh samanlikna med veka før. Produksjonsauken i Norden kom i hovudsak i form av auka norsk vasskraftproduksjon og høgare kjernekraftproduksjon i Sverige.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 48 her. (PDF)