Publisert 30.11.2022

Kraftsituasjonen veke 47, 2022

Høg vindkraftproduksjon og nettoeksport

Både kraftforbruket og kraftproduksjonen i Noreg gjekk opp førre veke. Høgare vindkraftproduksjon stod for det meste av auken i produksjon. Vindkraftproduksjonen i Noreg førre veke var den høgaste over ei veke nokosinne*. I Sverige og Finland gjekk derimot vindkraftproduksjonen ned frå veka før. Mykje utilgjengeleg kapasitet på grunn av ising på vindturbinane bidrog til låg vindkraftproduksjon der. Den høge vindkraftproduksjon i Midt- og Nord-Noreg, i kombinasjon med låg vindkraftproduksjon i Nord-Sverige, bidrog til rekordhøg nettoeksport frå Midt- og Nord-Noreg.

Kraftprisane auka i heile Norden førre veke. Prisane var høgast på måndag, då dei kom opp i over 300 øre/kWh i heile landet. Kaldt vêr og høgare forbruk, samt låg vindkraftproduksjon, bidrog til dei høge prisane. Vekeprisen i sørlege Noreg var 178 øre/kWh, ei dobling frå veka før. I Midt- og Nord-Noreg var vekeprisen høvesvis 79 og 66 øre/kWh. Vekeprisen i Nord-Noreg var over tre gonger så høg som i veka før. Trass auken i pris, hadde alle prisområda i Noreg lågare kraftprisar enn resten av Norden og nord på kontinentet.

Magasinfyllinga for heile landet gjekk ned med 2,3 prosenteiningar førre veke. På denne tida av året er det normalt at fyllingsgraden går ned. Fyllinga ligg framleis nær medianverdien. 

*førebelse tal  

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 47 2022 her.

Rapporteringen frå vasskraftprodusentane i sørlege Noreg
Det er 10 produsentar i sørlege Noreg som sender inn rapportar med informasjon om produksjon og magasinfylling. Totalt er det data frå 63 kraftverk i desse rapportane. Desse kraftverka har ein samla magasinkapasitet på 43,7 TWh, noko som utgjer 76 prosent av den totale magasinkapasiteten i sørlege Noreg.

Last ned rapporteringen fra produsentene for veke 47 2022 her.

Kontaktperson

Hege Bruvik Kvandal
Epost: hekv@nve.no