Publisert 01.12.2021

Kraftsituasjonen veke 47, 2021

Mindre skilnad i kraftprisane mellom det nordlege og sørlege Noreg 

I veke 47 auka kraftprisane i heile Noreg. Fall i temperaturar mot helga bidrog til høgare forbruk, samstundes som det var låg vindkraftproduksjon i Norden. Dette innebar at den norske kraftprisen følgde dei høge kraftprisane på kontinentet i større grad enn veka før. Vekeprisen i det sørlege Noreg (NO1, NO2, NO5) vart 130 øre/kWh, ein auke på 43 prosent får veka før. I Midt- og Nord-Noreg (NO3, NO4) auka vekesprisen med over 500 prosent og enda på 82 øre/kWh. Dette betyr at prisskilnaden mellom det nordlege og sørlege Noreg har blitt tydeleg mindre, samanlikna med dei føregåande vekene. ​ 

I førre veke auka eksportkapasiteten mellom det nordlege og sørlege Sverige (SE2-SE3). I tillegg vart kapasiteten i fleire elvekraftverk i det nordlege Sverige redusert grunna islegging. Saman med høgare forbruk og lågare vindkraftproduksjon gav det eit lågare kraftoverskot, og bidrog til høgare kraftprisar i dei nordlege prisområda. 

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 47, 2021 her. 

 Vassmagasinstatistikk 

Ved utgangen av veke 47 var fyllingsgrada i norske magasin på 69,0 prosent. Den samla fyllingsgrada gjekk ned med 2,1 prosentpoeng frå veka før. Medianverdien for fyllingsgrada på tilsvarande tidspunkt for åra 2001–2020 er 79,8 prosent. Nord-Noreg (NO4) hadde høgast magasinfylling med 80,2 prosent. Sørvest-Noreg (NO2) hadde lågast magasinfylling på 61,8 prosent. Les meir om vassmagasinstatistikk her. 

Kontaktperson:

Frida Hugaas Aulie

frau@nve.no