Publisert 29.07.2020

Kraftsituasjonen veke 30, 2020

Rekordhøg nettoeksport frå Noreg

Noreg hadde rekordhøg nettoeksport førre veke. Førebels tal viser at Noreg hadde ein nettoeksport på 700 GWh. Sist vi såg liknande tal var i sommarhalvåret 2012 og 2016. Auken i eksport har samanheng med at det er meir tilgjengeleg overføringskapasitet og at kraftprisane gjennom nesten heile førre veke var høgare i resten av Norden og nord på kontinentet.

Kraftprisane i Noreg held seg relative stabile gjennom veke 30. Kraftprisane i Sør- og Aust-Noreg var i likskap som i veke 29 på 1,6 øre/kWh i gjennomsnitt. Den gjennomsnittlege vekeprisen i Midt- og Nord-Noreg låg på 3,1 øre/kWh.

I løpet av veke 30 vart kjernekraftproduksjon i Sverige redusert frå 70 til 50 prosent av full kapasitet. Reduksjon skulde at Forsmark kjernekraftverk reduserte si produksjon med 1 600 MW grunna dei vedvarande låge kraftprisane. At kjernekraftproduksjonen i Sverige allereie låg på 70 prosent av full kapasitet har samanheng med at Ringhals kjernekraftverk har to reaktorar ute i forbindelse med årleg vedlikehald.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 30 her.

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no