Publisert 27.05.2020

Kraftsituasjonen veke 21, 2020

Høgare temperaturar og redusert kraftetterspurnad

Høgare temperaturar bidrog til at kraftetterspurnaden i Noreg i veke 21 fall med 13 prosent samanlikna med veka før. Kraftproduksjonen vart ikkje redusert i like stor grad, noko som medverka til at Noreg dobla nettoeksporten sett opp mot veka før.

Onsdag opplevde Nord-Noreg ei betydeleg auke i kraftprisane enkelte timar, noko som blant anna hang saman med låg vindkraftproduksjon i både Norden og på kontinentet. I helga derimot, bidrog høg vindkraftproduksjon til at norske kraftprisar var så låge som 1,0 øre/kWh i enkelte timar.

Last ned kraftsituasjonsrapporten for veke 21 her.

Kontaktperson

Overingeniør Lars Eirik Eilifsen
Epost: laee@nve.no